Leiar:

– Kvifor er du så hissig på "clickbaits"?
Å hisse seg opp over såkalte ”clickbaits”, og sjå dei som fienden sjølv, er ikkje ein ukjent reaksjon blant nettavis-lesarar.
At nokon blir forarga over dette fenomenet, og snakkar nedlatande om denne måten å vekke merksemd på, kan me som jobbar i media forstå - når det blir misbrukt.
Men me kan også undre oss litt over den grenselause irritasjonen.
Clickbait er per definisjon ein tekst eller ei lenke på ulike nettsider som er designa for å vekke merksemd, og som har som formål å få brukarar til å ville klikke på og følge lenka vidare for å lese, strøyme eller lytte til innhaldet som er knytt til clickbaiten.
Det er ei kjensgjerning at det som blir presentert på denne måten i overskrifter ofte kan vere overdrive, ha sensasjonspreg eller vere direkte villeiande - nokre stader.
Sjølvsagt har mange medium noko å jobbe med her. Denne måten å presentere og løfte fram innhaldet sitt på kan heilt klart gjere noko med truverdet viss til dømes tittel (clickbait) har lite eller ingen ting å gjere med innhaldet ein vil formidle - eller at det er direkte usant.
Viss ein legg godvilja til og prøver å forstå kvifor mange nyttar dette grepet, vil ein kanskje sjå at det faktisk er heilt nødvendig med dette grepet i ei eller anna form dersom ein skal få lesarane inn på sida si.
Me lever nå i ei verd der det er intens kamp om folk si merksemd, og der sanning og truverd blir utsett for angrep kvar dag.
I kampen om sanninga blir det å halde seg til informasjon frå redaktørstyrte medium løfta fram som ein del av totalberedskapen i Noreg.
Det er fordi at medium som har vedtatt Redaktørplakaten pliktar å jobbe uavhengig og etter felles etiske retningslinjer rundt ytringsfridom og journalistikk, sjølv om mange prøver å så tvil om dette.
Også me som driv med seriøs journalistikk må jobbe hardt for å få fram innhaldet vårt, eit innhald der me tilstrebar at alle skal få plass til å bli høyrt, og at det me skriv skal vere faktasjekka og balansert.
For å bli sett og lest må også me i lokale medium turnere tittelbruk på framsida vår. Også i dei minste, men svært viktige lokalavisene, er dette nødvendig.
Det er i beste fall naivt å tru at me får betalande lesarar ved å fortelle alle kva sakene våre handlar om i kortform på fronten av nettsida, eller ved å gi bort innhald.
Nyheiter og gode historier frå lokalsamfunnet kjem ikkje av seg sjølv. Journalistikk kostar pengar som alt anna.
Når annonsesalet går ned fordi potensielle annonsørar vel Facebook som annonsekanal (som verken skattar til Noreg eller skaper lokale arbeidsplassar), må me i større grad selje innhaldet vårt, til dømes med gode, spennande og sanne titlar som folk blir nysgjerrige på.
Dei som forstår utfordringa og oppdraget vårt vil også skjønne at det å dele lokalavisa sine saker vidare er å vere ambassadør for eit redaktørstyrt medium. Å samtidig referere og fortelje innhaldet i det ein deler, er ikkje å vere ein ambassadør.
Målet er trass alt å få fleire innbyggjarar til å hente informasjon om staden dei bur og vedtaka som blir gjort der frå sikre kjelder, som til dømes lokalavisa.