TO SAKSHANDSAMARAR: Einingsleiar Aslak Gilde i kommunens byggesaksavdeling og rådgjevar Dag Gjermund Roheim ved Midt-Telemark landbrukskontor.
Øystein Akselberg
Vil lage retningslinjer for små bygg i skogen
Skogeigarar som vil byggje seg ei reidsskapsbu eller ei bu som dei som arbeider i skogen kan ta ein pause i må søkje om lov. No ønskjer kommunens PTN-utval å sjå nærare på saksfeltet.
Utval for plan, teknikk og næring (PTN) hadde i sist møte oppe ei sak med klage på avslag om å byggje eit skogshus, skogsbu eller reidskapsbu på skogeigedom i Noradalsvegen.Teknisk etat hadde i eit administrativt vedtak gjeve avslag på søknad frå skogeigaren.