MEINING:
– Korleis kan alle kutta ved skulane våre vere forsvarleg?
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Skulen må skjermast for fleire kutt.
Akkurat slik formulerte FAU ved Bø skule seg i fjor ved førre budsjettrunde: – Skulen må skjermast for fleire kutt.
Men så lenge Midt-Telemark igjen foreslår kutt i oppvekstsektoren, repeterer vi den same bekymringa som blei meldt inn i fjor på denne tida. Håpar det ikkje blir ein fast førjulstradisjon!
Bekymringa i fjor delte FAU ved Bø skule med Utdanningsforbundet, Fagforbundet og FAU frå andre skular i kommunen. Det blei uttala da at botnen var nådd i oppvekstsektoren. Men det blei ikkje tatt til følge.
Det siste året har Bø skule måtta kutte 6,5 årsverk, og Gvarv skule har måtta kutte om lag 4 årsverk. Det utgjer om lag 10 000 undervisningstimar.
Om botnen var nådd i fjor, kor er vi no? Og kor er vi på veg om det blir ytterlegare kutt på 7,6 årsverk som i budsjettforslaget for neste år?
Kommunedirektøren rosar oppverkssektoren for å ha «jobbet meget godt med årsverksreduksjoner», men erkjenner også at det er krevjande for dei som jobbar der.
Ja, det har sin pris. Å jobbe «meget godt med årsverksreduksjoner» går utover den jobben dei eigentleg skal gjera.
Mellom anna må både lærarar og skuleleiing no bruke mykje ekstra tid på å legga reserveplanar for kvar einaste dag fordi det nesten ikkje er vikarar, verken for lærarar eller assistentar.
Ved fråvær må ein slå saman klasser til grupper på opp mot 40 elevar eller rullere på faste oppgåver. Om ein assistent er borte, kan læraren i ei klasse måtte ta seg av enkeltelevar som er avhengig av ein-til-ein-oppfølging og ein ufaglært steppe inn i erstatning for læraren igjen. Uføreseielege kvardagar og færre vaksne gir meir uro, og det oppstår lettare konfliktar som tar plass og et av undervisninga.
Slik er situasjonen no. Det tærar allereie på dei tilsette som strekkjer seg langt og enkelte dagar må jobbe utan pause, nokre kjem til og med sjuke på jobb på grunn av mangel på personale. Her kan det fort koma sjukemeldingar og sparingstiltaka kan da vise seg å heller bli veldig kostbare. Da har ein tapt på alle måtar.
Det er openbart krevjande å leggja fram årsbudsjett som står til krava i kommunelova om å forvalte økonomien slik at den økonomiske handleevna blir ivaretatt over tid og samtidig levere budsjett som er både i balanse, realistiske og dekkjer opp tenestene kommunen forvaltar.
Budsjettet er i balanse, men er det realistisk og økonomisk berekraftig på lengre sikt? Balansen i budsjettet må òg vektast mot ein refleksjon over om dette er realistisk for å levere forsvarlege tenester i oppvekstsektoren for komande budsjettperiode og over kva dei drastiske kutta har å seia for økonomien over tid.
Blant effektiviseringstiltaka som er innført i skulen er fjerning av vikar ved korttidssjukdom og å ikkje tilsette nye ved avgang.
Det har blitt uttrykt bekymring for om Midt-Telemark kommune bryt opplæringslova, men ordføraren og oppvekstsjefen har kontra med at dei driv forsvarleg. Kva er sant?
Opplæringslova seier at «skolane skal ha tilgang på vikarar til vanleg og venta fråvær».
Bevisbyrden for at praksisen med vikarstopp ikkje er i direkte strid med dette ligg hos Midt-Telemark kommune. Og å gå inn for å ikkje erstatte kompetanse ved avgang er uforsvarleg. Kva kompetanse ein kan koma til å mangle blir fullstendig vilkårleg.
Kommunale tenester for oppvekst skal sikre opplæring og trygge og gode oppvekstvilkår. Det er ikkje tenester ein kan drive som tombola.
I statusvurderinga i økonomiplanen er situasjonen i skulane beskrive som krevjande. Ein slit allereie med rekruttering av lærarar. Og den nye opplæringslova har gitt skulen fleire oppgåver som krev meir ressursar og kompetanseheving.
Samtidig er det foreslått ytterlegare kutt i årsverk ved Gvarv og Bø skule, og også ved Bø ungdomsskule. Folkestad skule er skjerma på grunn av tidlegare kommunestyrevedtak, og kutta rammar difor andre desto hardare.
Summen av dei foreslåtte kutta ved dei tre skulane er 7,6 stillingar.
Ei lærarstilling på barnetrinnet utgjer 988 skuletimar, på ungdomstrinnet er timetalet noko lågare, men når vi gongar dette opp, ser ein kor omfattande dei foreslåtte kutta er.
Eit overslag gir om lag 6500 undervisningstimar! Dette er verdifulle timar tapt. Mindre tid per elev, mindre oppfølging og mindre tid til tilpassa opplæring.
Dette er ei stor belastning for dei vaksne, og det skapar utryggleik for elevane og svekkjer det faglege utbyttet.
Stikk i strid med tidleg innsats, blir det vanskelegare å fange opp elevar som står i fare for å bli hengande etter. Dei elevane som treng det mest vil bli dei største taparane.
Aller hardast rammar kuttforslaga Bø og Gvarv skule som allereie har gjort drastiske kutt.
Igjen må vi spørja, korleis kan dette vera forsvarleg?