O
Lokale verksemder kan få unntak frå innreiseforbod
I dag vedtok Seljord kommune å vidareføre det lokale karantenepåbodet og innreiseforbodet, men eit viktig unntak er lagt inn for lokale verksemder.
I form av ei lokal forskrift har Seljord kommune i dag bestemt at ein vil føre vidare strenge tiltak rundt karantenepåbod og innreise til kommunen. Ordførar Beate Marie Dahl Eide understrekar likevel at det nå er lagt inn eit viktig unntak for lokale verksemder.