MIDDELALDERKYRKJE: Nes kyrkje i Midt-Telemark.

Kyrkjeklokkene vil ringe og folk kan skrive si kondolanse

Kyrkjeklokkene vil ringe og kondolanseprotokoll er lagt ut i kyrkjene i Midt-Telemark.

Publisert Sist oppdatert

I samband med at Hans Majestet Kong Harald er gått bort, vil kyrkjene i Midt-Telemark ringje med kyrkjeklokkene mellom klokka 12 og 13. 

Det same vil skje ved dei fleste kyrkjene i Øvre Telemark. Mange av kyrkjene vil òg vere opne for lystenning, ifølgje prost Asgeir Sele.

Det blir òg flagga på halv stong.

– Det vil vere open kyrkje i Bø frå klokka 12 til 15 med prest til stades. I Nes er det open kyrkje frå klokka 12 og utover kvelden, opplyser kyrkjeverje Angelika Karsrud.

Det er lagt ut kondolanseprotokoll i begge kyrkjene. 

– Kyrkjene vil òg vere opne etter gudstenestene i Nes og Bø på søndag. Dette gir høve til å vere saman i sorga og skrive ei siste helsing til vår folkekjære konge, seier Karsrud.

Ho legg til at det òg vil vere muleg å leggje ned blomstrar og tenne lys ved den namna minnelunden på Bøhaugen.

Kyrkjelege handlingar, som gravferder, vigsler og konfirmasjonar vil bli gjennomførte som normalt, ifølgje prosten.

Powered by Labrador CMS