Kyrkjeklokkene vil ringe og folk kan skrive si kondolanse
Kyrkjeklokkene vil ringe og kondolanseprotokoll er lagt ut i kyrkjene i Midt-Telemark.
I samband med at Hans Majestet Kong Harald er gått bort, vil kyrkjene i Midt-Telemark ringje med kyrkjeklokkene mellom klokka 12 og 13.
Det same vil skje ved dei fleste kyrkjene i Øvre Telemark. Mange av kyrkjene vil òg vere opne for lystenning, ifølgje prost Asgeir Sele.
Det blir òg flagga på halv stong.
– Det vil vere open kyrkje i Bø frå klokka 12 til 15 med prest til stades. I Nes er det open kyrkje frå klokka 12 og utover kvelden, opplyser kyrkjeverje Angelika Karsrud.
Annonse
Det er lagt ut kondolanseprotokoll i begge kyrkjene.
Kyrkjelege handlingar, som gravferder, vigsler og konfirmasjonar vil bli gjennomførte som normalt, ifølgje prosten.