Kjeldekritikk er eigenberedskap: Sjekk kven som står bak informasjonen du får
For første gong er kjeldekritikk med når DSB gir det norske folk råd om eigenberedskap. Medietilsynet understrekar at dei gode råda er ekstra viktige om ei krise skulle oppstå, men dei bør følgjast også i kvardagen.
I samband med Eigenberedskapsveka denne veka har Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) sendt ut ei brosjyre til alle norske husstandar med råd om eigenberedskap.
– Medietilsynet er glad for at kritisk medieforståing, som mellom anna handlar om den einskilde sin kjeldekritikk, nå er med som ein del av råda til eigenberedskap, seier direktør Mari Velsand i ei pressemelding.
Norske styresmakter anbefaler at alle husstandar skal vere førebudde på å klare seg i éi veke dersom straum, tele- eller mobilnett og internett blir borte.
Brosjyra inneheld tips, råd og anbefalingar for ein slik mogleg krisesituasjon.
Fem råd om kjeldekritikk
DSB har fem enkle og gode råd om kjeldekritikk i råda om eigenberedskap, som samsvarar med Medietilsynet sine tips:
- Søk informasjon frå styresmakter og redaktørstyrte journalistiske medium.
- Ver ekstra på vakt når du får informasjon som verkar overraskande, skremmande eller gjer deg sint.
- Sjekk kven som står bak informasjonen du får. Nokon kan spreie feilinformasjon med vilje.
- Ver merksam på at både tekst, lyd, bilete og video kan manipulerast.
- Tenk over kva informasjon du deler vidare.
– Dette er råd som me alle bør følgje, også i kvardagen. Den teknologiske utviklinga gjer at det stadig blir lettare både å produsere og spreie feil- og desinformasjon, og vanskelegare å oppdage. Derfor er det så viktig å gå til truverdige informasjonskjelder, som redaktørstyrte medium, seier Velsand.
Stopp. Tenk. Sjekk.
Medietilsynet arbeider mellom anna med tiltak for å styrkje nordmenns kritiske medieforståing, og i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år er det sett av meir pengar til dette arbeidet.
– Me stiller oss bak råda frå DSB, og oppmodar til å stoppe opp og tenkje kritisk i møtet med informasjonsstraumen på digitale flater. Bruk litt tid på å sjekke kjelda eller om andre kan stadfeste informasjon eller nyhende du er usikker på, seier Velsand.
På Medietilsynet sine nettsider kan du lese meir om kritisk medieforståing, og lære meir om tema som desinformasjon. Nyleg la Medietilsynet fram rapporten “Kritisk medieforståing i den norske folkesetnaden 2024”.