T
14 kvinner og ein mann vil bli statleg rådgjevar i Bø – her er søkjarlista
Rådgjevarjobb i Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) er attraktiv, og har mange lokale søkjarar. Ni av 15 søkjarar er frå Midt-Telemark.
Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar i sekretariatet til Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) er lyst ledig. Ved søknadsfristen 16. januar hadde 16 personar søkt. No står 15 søkjarar igjen, etter at ein har trekt seg.