SIDESPRANG:
– Om hausten kryr gatene av lausriving
Du les no ei fast spalte som uttrykkjer skribenten si meining.
Dotter mi står i berre bleia i gangen og konsentrerer seg om å setje høgre fot i pappas grå joggesko. Ho applauderer seg sjølv når ho får det til, og tek tunge, målretta klovnesteg mot ytterdøra.
«Du må ha klede på i barnehagen», prøver eg, aukande irritert, med buksa i den eine handa og genseren i den andre.
«Nei», seier ho kontant. «Jo», seier eg og strekkjer den buksete handa mot henne. «Nei», gjentek ho hulkande denne gongen og legg seg ned på dørmatta som ei illsint sjøstjerne.
Ho er halvanna år og har nyleg oppdaga at ho har fri vilje.
Dotter mi kan seie nei med standhaftig overtyding og med tvilande skepsis. Ho kan seie nei med lang e i brupositur og med tårene trillande nedover panna og inn i luggen. Ho kan seie det med avmålt vantru når mora hennar duppar av på sofaen i femdraget på morgonkvisten.
Sjølvstendealderen, ofte kjend som trassalderen, er starten på ei gradvis lausriving frå foreldra, les eg på nettet.
Om hausten kryr gatene av lausriving. Førsteklassingar som stolt ber den gule sekken på ryggen forbi sjukeheimen i Gamleveg, delvis påkledde eittåringar som sovnar i vogna på veg heim frå barnehagen, og studentar med store Jysk-posar på veg opp Borjavegen.
Første gongen eg flytta heimanfrå, kanskje sjølve finalen av lausriving, var eg femten år. Eg skulle begynne på vidaregåande skule i Skien og hadde leigd den eine delen av ein tomannsbustad saman med ei venninne. I éi flytteeske pakka eg pent samanbretta bandplakatar og det minst dølle sengesettet me hadde heime.
I aukande forventing køyrde mamma meg den timeslange vegen heimanfrå.
Då me kom fram, blei me møtte av Judy frå Rwanda, som budde i etasjen under. Ho gav mamma ein klem. «Don't worry, don't worry», sa ho. Så tok ho handa mi og sa: «I'm your mama now».
Femten år seinare står eg tomhendt i gangen. Dottera mi har motvillig gått med på å ha på seg klede, mot at ho fekk lese ei bok om marihøner medan eg tok dei på.
På veg ut spør eg om ho vil ha ein klemmepose med jordbærgraut. Ja, seier ho for fyrste gong.
Gradvis lausriven frå meg.