SIDESPRANG:
– Dom som frivillig og på kunstig vis bles opp leppene sine ser ikkje bra ut
Du les no ei fast spalte som uttrykkjer skribenten si meining.
Når ein som meg har levd ei stund, stoppar ein av og te opp og tenker på alle dom store endring’en ein har sett i si tid. Og det hender eg tenker at me har mista noko på vegen.
Den gong eg voks opp var Eikjabygda full av originalar og folk det var noko spesielt med. Folk var seg sjøl på godt og vondt – forma av det livet dom levde innafor et relativt snevert geografisk område – og uten påverkningar utafrå gjennom TV og andre medium, ulikt i dag.
Originalar blir ofte forveksla med det å vera litt enkle - ikkje noko e meir feil enn det, sjøl om dom au utgjorde et representativt utvalg av befolkningen.
Det kunne vera måten dom var kledd på eller framferda domses, men mest gjennom det dom sa og måten dom sa det på. Ofte prega av mykje livsvisdom – og ofte svært underhaldande.
Her var det mykje festleg språk og artige vendingar, og kostelege skråblikk på livet i gata eller byen om dom hadde vore på ein sjelden utflukt utafor bygda.
Me har alle hørt historia om Tjønnstaul’n frå Rauland som hadde vore i Oslo og kytte av hå fint bislag kongen hadde på huset sitt!
Eg har ofte tenkt at skulle eg ønske meg ein dag oppat frå livet eg har levd, ville ein ludag rundt 1960 på Tjønnås Landhandel – eller Firingen som me bara kalla butikken – koma høgt opp på lista.
Da var butikken full av desse folka og dom hadde som regel god tid te å slå av ein prat.
Det gjorde inntrykk på ein liten guttongtølp når Sigvart Myhre – som va ein ivrig klokkehandlar – drog opp ei klokke frå ein av lommene sine og viste meg, og fortalte: «inni her Sveinung, befinn det seg 16 små jævlar». Det sto ofte på urskiva under klokkkenavnet hå mange «jewels» det var inni urværket – noko som visstnok skulle vera viktig når ein handla med klokkur dengong….
Og Eikjabygda va ikkje spesiell, originalar va det heilt sikkert i alle andre grendelag. Og også i Bø sentrum fantes det originalar, enkelte av desse er omtala i boka te Ingvar Skobba og Ivar Mæland i boka «Bø te tusen, Gata i hondre». Kosteleg lesestoff!
I dag e original’en borte, dom som veks opp blir forma av det som e dagens ideal – og håkken det skal vera e det mange som kappas om.
Me har fått ei heilt ny yrkesgruppe i dette landet som kallar seg influenserar og som har dette som forretningside – og i staden for å bli originalar skal me nå helst bli kopiar. (Huff, eg merkar eg blir i dårlig humør bare eg skriv ordet influenser).
Influenser’en fortel med tekst og bilde hått me helst bør gjera og håssen me helst bør sjå ut. Og for all del – mange fær sikkert gode tips om dette eller hint.
Ein skal ikkje kritisere eller sei noko nedsettande om håssen folk ser ut. Men eg drestar meg te å sei at dom som frivillig og på kunstig vis bles opp leppene sine i mine augo ikkje ser bra ut.
Håffer nokon gjer slikt kan eg ikkje forstå – men eg må kanskje innrømme dom ein liten fordel når dom skal ha i seg suppe….
TIL ORIENTERING: Skribenten skriv ikkje normert nynorsk, men på bødialekt.