– Kongen var ein ivrig lesar av papiraviser frå heile landet
Kong Harald viste gjennom eit langt liv at han forstod verdien av openheit, pressefridom og ytringsfridom, skriv Norsk Redaktørforening.
– For eit demokrati og ein nasjon er det svært viktig at statsoverhovudet forstår kva frie, uavhengige medium har å seia. Den forståinga viste kong Harald gjennom heile livet – også når hans eigen familie måtte tole dei kritiske søkjelysa frå media.
Det skriv generalsekretær Reidun Kjelling Nybø og styreleiar Britt Sofie Hestvik i ei uttale frå Norsk Redaktørforening.
Dei viser til at kong Harald i dei mange talene sine trakk fram verdien av openheit, meiningsbryting og ytringsfridom.
– Kongen var godt orientert om norsk samfunnsliv, og me veit at han var ein ivrig lesar av papiraviser frå heile landet. Då han, saman med kronprins Haakon, vitja Pressens hus i januar 2024, viste han stor interesse for dei nye utfordringane i journalistikken, skriv Nybø og Hestvik.
– Kong Harald har hatt stor betydning som samlingspunkt og folkekonge. Nå ser me eit heilt folk samla i sorg. I likskap med resten av Noreg vil me minnast kong Harald med stor takksemd.