SIDESPRANG:

FAST SPALTIST: Sveinung Børte er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Noko som alltid har fascinert meg er når dei små slår dei store

Me vil ha fleire stemmer inn i lokalavisa i Midt-Telemark. Fire gjesteskribentar har derfor skråblikk på lokalsamfunnet.

Publisert

For ein som er idrettsinteressert og pensjonist er det nok å finne på om dagen. 

OL er for meg også ein anledning til kvart fjerde år å sjå på dei - for flesteparten av oss - framande sportsgreinene, som til dømes kortbaneløp på skeiser og curling.

Noko som alltid har fascinert meg er når dei små slår dei store. 

Eg kjem aldri til å gløyme den australske kortbaneløparen som hadde slik eventyrleg flaks – i heat etter heat datt alle løparane framfor han slik at han til slutt sto igjen med gullmedalja. Eg lo så tårene trilla. 

Og «antisportsmannen» Pål Trulsen heldt meg vaken ei heil natt når curlinglaget hans slo storfavoritten Canada i finalen borti Salt Lake City. Som gullmedaljør blei han jo ein del av Olympiatoppens utvalte og fekk treningsdagbok. I avsnittet om fysisk trening var det einaste notatet «gang rundt juletreet i ytterste ring». Herleg!!

Fast spaltist: Sveinung Børte

Pensjonert lærar og gardbrukar. Nå kårkall borti Eikjabygda. 

Optimist, som syns at det innimellom kan vera vanskeleg i den verda han lever i. 

Glad i det meste som er lokalt – nokon vil kanskje meine han er i meste laget heimkjær. Samlar derfor ikkje bonuspoeng på fly. 

Set pris på å ha det morosamt i godt lag. Elles glad i bridge og golf.

Men hoppsporten har eg fått heilt i vrangstrupen – begeret rant definitivt over etter jukset under Trondheim-VM sist vinter. Her har utviklinga dessverre ført sporten i heilt feil retning. 

Når skreddaren er lagets viktigaste i jakta etter aerodynamiske fordelar - og når tidelars forskjell i vind avgjer om eit hopp blir 100 eller 130 meter blir det i mitt hue for dumt. Dette har dessverre blitt ein sær idrett for dei få – og og med voldsomt dyre anlegg.

Eit nasjonalikon som Bjørn Wirkola ville vore sjanselaus i dag, med sin kroppsform. I Norge er det per i dag bare nokre få hundre som driv denne idretten – som jo i forrige årtusen var nasjonalsporten vår. 

I min oppvekst hoppa dei fleste ungane på ski – lengde og vekt betydde ingen ting, og skia til ein gutehoppar var halvparten så breie og dobbelt så tunge som dei elitehopperane har idag. 

Begrepa oppdrift og bakvind eksisterte ikkje - me hadde enten medvind eller motvind! Og da blås det så vi kjente det, ellers var det vindstille. Vindstille i dag eksisterer ikkje i hoppbakken……

Eg hugsar ennå eit kretsrenn rundt 1962/63 i Liabakken på Svenseid, der var det over 300 hopparar i alderen 11-16 år, fleire enn det totalt er som driv med dette i Norge i dag! 

Men på gubberenna i Vest-Telemark e det framleis gamlestilen som gjeld, ingen rekk ut i V-stil før svevet e slutt etter 18-20 meter, og der er medvind bra!

PS. Eg må sjå på damehoppinga nå – med Heidi frå Heddal.

Powered by Labrador CMS