MEINING:

MEINING: Terje Riis-Johansen, fylkesvaraordførar i Telemark fylkeskommune.

– Nest etter skulen er idretten vår viktigaste arena for inkludering

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

Årets utdeling av tippemidlar nærmar seg, og aldri har idretten vore viktigare.

27. mai deler Telemark fylkeskommune ut millionar av spelemidlar på vegner av staten. For mange idrettslag er dette årets store dag. Den burde bli feira av fleire, for idretten er viktigare nokon gong!

I Noreg har vi formidable utfordringar knytte til folkehelse, utanforskap og polarisering. Den ferske folkehelseundersøkinga for Telemark viser at vi har store sosiale helseforskjellar, særleg internt i dei store kommunane. 

Forskjellane i økonomi og utdanning kan knytast til forskjellar i helse og levevanar. Samtidig aukar andelen som svarer at dei har økonomiske vanskar, og unge vaksne rapporterer oftare om psykiske plager, negative kjensler og einsemd enn andre. Dei opplever også lågare trivsel og tryggleik i nærmiljøet.

På mange av desse områda er idretten ein del av løysinga. Ei betra folkehelse krev auka aktivitet. Idretten bidreg til det i dag, men bør i framtida engasjere endå fleire. Det vil ha positiv effekt på både fysisk og psykisk helse.

Nest etter skulen er idretten vår viktigaste arena for inkludering. Dels ved å gi plass til alle og dels ved at ung og gammal blir høve gitt til å lykkast på ein annan arena. 

Ein som slit på skulen, kan oppleve meistring på handballbanen. Det er eit imponerande arbeid idretten har gjort for å bli betre på inkludering. Eg håpar det framleis er mogleg å få til endå meir!

Kampen mot polarisering er den nye, store utfordringa vår som samfunn. Vi møtest mindre. Liva våre blir flytta meir og meir inn i telefonar og nettbrett. 

Dette betyr at vi også blir utfordra mindre. Vi søkjer mot ekkokammer som stadfestar det vi allereie meiner, trur og tenkjer. Faren for utvikling av parallellsammunn er stor. 

Vi treng å møtast meir på tvers av stand og stilling. Vi treng og bli utfordra på det vi meiner, trur og tenkjer. 

Også her er idretten ein del av løysinga. Dugnader, køyring til kampar, ungdom som jobbar mot felles mål eller foreldre som heiar på sidelinja – idretten fører til meir fellesskap, både i Telemark og i Noreg.

Telemark fylkeskommune samarbeider tett med telemarksidretten. Det ønskjer vi å halde fram med. Når fylkestinget har løyvd 2,5 millionar til telemarksidretten er det fordi vi ser resultata av idretten i fylket vårt. Når vi støttar Olympiatoppens arbeid i regionen vår er målet det same.

I fjor vart 60 millionar brukte til idrettsanlegg over heile Telemark. Det viktige pengar som bidreg til «alt». 

Gode idrettsanlegg gir meiningsfylt fritid for ungar. Det gir grunnlag for seriøs satsing for ungdom som ønskjer det. Det gir moglegheit for trim og aktivitet for godt vaksne. Det gir topp og breidd. Det gir grunnlag for inkludering, folkehelse og gode møteplassar.

Det vart ikkje olympiske medaljar på Telemark i år. Det vart det heller ikkje i sommar-OL for to år sidan. For alle vi som er glad i idrett, og i Telemark, er dette skuffande. Vi bør ha idrettsutøvarar i både Noregs- og verdstoppen.

Nyleg var idrettsleiarane i Telemark (og Vestfold) samla til idrettsting i Langesund. Det var ei fin påminning om at vi har mykje å vere stolte over, trass i mangel på olympiske medaljar. Samtidig var det eit høve til å framheve betydninga av å utvikle idrettsrørsla vidare.

Ingen er i nærleiken av å samle Telemark på same måte som idretten. Fellesskapen har vore sterk når vi dei siste åra har heia frå Gjerpenjentene og Odd-gutane. Då seglar-miljøet i Brevik var best i verda skapt det stoltheit – og auka interesse for segling. 

Aller mest samlar likevel idretten gjennom aktivitetane på breiddenivået. Både som arena for meistring for gammal og ung, og som møteplass på tvers av bakgrunn. Framover blir dette viktigare enn nokon gong.

 

Powered by Labrador CMS