SIDESPRANG:
– Min indre bøhering har dukka opp
Her er tre konkrete bevis på at eg etter ti år i Oslo har funne tilbake til min indre bøhering.
1. Eg har vorte veldig opptatt av dyra i hagen
I skrivande stund har me fem kjøttmeiser, tre skogsmus, ein større fugl eg ikkje kjenner igjen og fem rådyr som stikker innom for å sjekke forholda heime hos oss.
Eg har hengt opp ein plakat over dei vanlegaste småfuglartane og sett opp fuglebrett og -hus.
Me strør surdeigssmuler frå Bø Brød over snøen. Ei modig skogsmus piler over den kvite bakken og napper med seg ei skorpe.
2. Eg køyrer opp til Lifjell for å ta ein titt
Okei. Eg køyrer ikkje, fordi eg har ikkje lappen (nokon vil kanskje seie at eg slett ikkje kan kalle meg bøhering før eg har bestått førarprøva), men me køyrer opp til Lifjell berre for å ta ein titt på veret, eller for å finne ut om skitrekket i Storebakken har opna.
– Lurar på om det er tåke på Lifjell også, kan eg seie til mannen min.
– Godt spørsmål, seier han då, og så køyrer me opp og ut av tåka.
– No ser det ut som det har snødd på Lifjell, kan Bestefar seie.
Då kan eg seie at pappa tok ein titt tidlegare i dag, og jaggu har det ikkje snødd på Lifjell.
3. Eg tenkjer mykje meir på søppel
Då eg budde i byen, brukte eg svært lite tid på søppel.
Eg slengte posen i hjørnet av gangen når den vart full og tok den med meg ut så fort det vart irriterande nok å ha søppel ståande inne. Og det var stort sett det.
Men sånn er det ikkje på bygda. Her er eg min eigen søppelkonge.
Eg har avfallskort til Brenna Miljøstasjon og ein tilhengar fylt til randen med papp.
Eg lastar ned ein app for å få oversikt: Kva skal hentast når?
Eg set opp push-varsel. Eg bestiller tømmekalender og heng den opp på kjøleskapet. Eg hoppar opp i restavfallsdunken i eit forsøk på å få plass til ein siste stinkande bleiepose. Eg ringer mamma, kanskje me kan køyre innom med litt restavfall til helga?
Obs! Berre å hente fram gamle batteri og kvitte seg med øydelagte barbermaskinar, folkens. Til veka hentar dei også farleg avfall og småelektronikk!