SIDESPRANG:
– Me vassar i gode råd, men det kan jo bli slitsamt i lengda
For nokre år sidan hadde eg ei samtale med ei dame som hadde ei lang historie med sjukdom, smerter, utmatting og andre kjipe helseplager. Likevel hadde ho ei inspirerande positiv haldning til livet.
Éin ting irriterte ho derimot. Råd frå friske folk. Som ho visste var velmeinte, men som likevel kunne irritere.
Har du prøvd ditt, har du lese denne boka, har du testa slik og slik behandling, har du ete dette? Og alle råds mor, og det ho hadde fått oftast: «…men har du prøvd yoga?»
Råd er jo nesten alltid velmeinte og kjem frå ein god plass. Sjølv elskar eg å gi råd! Ja, dessverre.
Og ein kan jo lure på kvifor.
Fordi det gir ei god kjensle å hjelpe. Joda, absolutt. Eller fordi ein håpar at folk skal tenkje: Jøsses, for ein livsvisdom! Hyggeleg det.
Eller fordi ein vil at den rådtrengande skal tenkje: «Kvar hadde eg vore i dag utan dette eine fantastiske rådet?» Og så kan ein gå og kjenne litt på den, at det var eg som bidrog til å snu dette frå mørkt til lyst.
Men heilt ærleg, eg prøver å snakke mindre og lytte meir.
For det skal ikkje stå på råda. Me vassar i dei. I sosiale medium, bøker, podkastar og aviser. «Bli stressfri på 5 veker», «desse 10 TV-seriane MÅ du sjå i haust», «slik et du deg slank» og «slik får du robuste barn».
Dei fekk ikkje så mange gode råd på 90-talet. Kanskje like greitt, for det kan jo vere at denne evige livsstilsoptimaliseringa kan bli slitsam i lengda?
Bør me ha større tillit til at folk knekk koden sjølve? At om du tenkjer at yoga er for deg, finn du vegen til matta?
For gode råd er ikkje lenger dyre, dei er mange. Kanskje vi difor treng færre råd, men at vi heller spør: «Korleis går det?»