SIDESPRANG:
– Me treng mindre fart, mindre effektivitet og mykje meir motstand
Det har rasa ein krig i Nordmarka. Den blir ikkje utkjempa med kuler, men med smale plankar og såra stoltheit.
På den eine sida: Dei kondisjonssterke fantoma i kondomdress, dei som betraktar ei perfekt preppa trikkeskjene som ein heilagdom.
På den andre sida: Dei moralske forfallsteikna. Plogarane. Dei som vågar å setja stålkantane i ein 45-graders vinkel og skrapa bort den dyrebare gliden for å unngå eit ublidt møte med ei gran.
Løypepolitiet rasar. Ploging er hærverk, blir det sagt. Det er sabotasje mot framdrifta.
Men kanskje er det nettopp her, i den djupe plogfuren, at me finn løysinga på dei største problema til sivilisasjonen?
Me lever i ei verd som lid av akutt smurningfeil. Alt skal gå så fort.
Me skal makse karrieren, makse pulsen og makse forbruket medan me rasar nedover den eksistensielle utforbakken mot klimakrisa med rubbeski og tunnelsyn.
Me skrollar oss gjennom TikTok med ein fart som ville fått ein verdscupvinnar til å skjelva i knea, og me kastar i oss strøymetenester som om me var redde for at TV-en skulle gå tom for straum før me rakk finalen.
Kva om me berre... ploga litt meir? Tenk på den radikale krafta i å setja kantane utover i sjølve livet.
Om me plogar i butikken, kjøper me kanskje berre éi bukse i staden for tre. Det øydelegg kanskje gliden for BNP, men det sparer planeten for eit par hundre liter vatn.
Om me plogar i kvardagen, rekk me kanskje å lesa ei bok i staden for å sjå algoritmen styra oss mot ein ny runde med «10 ting du ikkje visste om kjendis-Noreg».
Ploging er å ta kontroll over farten før tyngdekrafta tek kontroll over oss.
Det er på tide å rehabilitera plogaren. Plogaren er ikkje ein feiging; plogaren er ein filosof.
Det er den personen som innser at det ikkje er om å gjera å komma først til botnen av bakken (eller grava), men å nyta utsikta undervegs utan å brekka lårhalsen på den liberale marknadsøkonomien.
Me treng mindre fart, mindre effektivitet og mykje meir motstand.
La oss skrapa bort den glattpolerte fasaden og bremse opp det hektiske jaget etter meir av alt.
Verda treng ikkje fleire som stakar i turbogir. Verda treng folk som tør å laga litt krøll i dei straumlinjeforma løypene.
Plogarar i alle land, samein dykk!