Magnhild (29) tok fleksiutdanning: – Det var midt i blinken
Då småbarnsmor og gardskvinne Magnhild Roheim starta på det nye sjukepleiarstudiet ved Universitetet i Søraust-Noreg, var ho akkurat den studenten dei såg etter.
På Suigard Dyrud på Hørte er det feriestemning. Dagne (8) og Johannes (6) er berre nokre dagar inn i den lange sommarferien, medan veslebror Jakob (4) framleis er i barnehagen.
Det bognar av blomar, bier og grøne buskar. Her har Magnhild og mannen Aslak teke gardsdrifta på alvor. Garden tok dei over etter svigerforeldra til Magnhild i 2020.
– Me har masse bringebær, korn, ved og kyr. Me har òg teke over nokre av biene … og så har me høner! Dei er klekte fram på badet på vaskerommet, seier Magnhild.
– Og så budde dei i gangen vår ei stund, skyt Dagne inn.
Kom på rett tidspunkt
Med gardsdrift og småbarnsliv var det ikkje gitt at det var sjukepleiarstudent Magnhild skulle bli. Før det nye studietilbodet til USN kom for fire år sidan, var det ein umogleg tanke.
Fram til fleksisjukepleie blei starta opp, måtte studentar i Telemark reise til Porsgrunn for å ta sjukepleiarutdanning.
– Eg hadde jo tenkt at det hadde vore gøy å bli sjukepleiar, men det var ikkje aktuelt å pendle til Porsgrunn. Eg vurderte å ta utdanninga på deltid, men då fleksitilbodet kom, var det midt i blinken, seier Magnhild.
Treng fleire sjukepleiarar
Studentane ved fleksisjukepleie i Telemark skulle ha hovudcampus på Notodden, og det meste av undervisinga skulle gå føre seg digitalt. I tillegg er bacheloren lagd opp til 75 prosent over fire år.
Bakgrunnen for studiet er eit aukande behov for sjukepleiarar, særleg i distrikta.
I samarbeid med kommunar i Telemark og Buskerud utvikla USN derfor ei fleksibel og desentralisert sjukepleiarutdanning.
– Det skulle vere mogleg å kombinere med eit liv ved sida av studiet. Og så er det behov for sjukepleiarar overalt, spesielt i distrikta, seier ho.
Over 500 søkjarar til 50 plassar
Fleksisjukepleie vart starta opp hausten 2022, og Magnhild og medstudentane er det første kullet som er ferdig utdanna gjennom den nye ordninga.
Totalt var det 513 søkjarar til 50 studieplassar: 25 plassar i Telemark og 25 plassar i Viken. Nålauget var dermed trongt for å kome inn.
– Det var sinnssjukt mange søkjarar, men eg kom inn, seier den nyutdanna sjukepleiaren.
Barnevakt på studiesamling
Då studiet starta, var yngsteguten Jakob åtte månader gammal.
Magnhild tok han med seg til den første samlinga, medan mormora vart med for å passe barnebarnet mellom førelesingane.
– Eg følte meg veldig vaksen. Me var på hotell i tre netter, og mamma var med for å hjelpe til. Det var ein veldig fin start på studiet. Me vart godt kjende med kvarandre med éin gong, seier ho.
Etter den første samlinga var mesteparten av undervisninga digital. Studentane vart delte inn i geografiske læringsgrupper, slik at dei kunne møtast mellom samlingane.
Interessa kom tidleg
Helsefaget er noko Magnhild har vore interessert i sidan ho var lita.
– Eg trur det er medfødd, eller kanskje det handlar om miljø. Mamma er lege, og eg hugsar ho fortalde historier om pasientar og korleis det var å jobbe i helsevesenet.
Som tenåring hadde ho sin første sommarjobb på eit legekontor, og ho las sin første forskingsartikkel som 16-åring.
– Eg synest det er eit veldig spennande felt, og eg har alltid likt å jobbe med folk.
På sikt ønskjer Magnhild å vidareutdanne seg til å bli jordmor. Først vil ho ut i jobb og byggje erfaring som sjukepleiar.
– Det er når ein er ferdig med studia at ein byrjar å lære på ordentleg. Og så blir barna større, og då er det lettare å få til ei vidareutdanning, seier ho.
Éin ting er ho ikkje i tvil om.
– Me blir verande her. Det har heile tida vore planen.