Meining:

– Likestilling og inkludering av alle arbeidstakarar
Første mai er Arbeidaranes internasjonale kampdag, og sidan 1890 har det i Noreg blitt demonstrert for betre arbeidsvilkår. Arbeidslivet er svært endra sidan den gongen, og nye grupper har blitt arbeidstakarar, som då kvinnene blei ein naturleg del av arbeidslivet. Nå i det 21. hundreåret er tida overmoden for å kjempe fram eit arbeidsliv som opnar dørene for arbeidstakarar med funksjonsnedsetjing.
I Vestfold er det 34.975 og i Telemark er det 23.915 personar som står heilt utanfor utdanning og arbeid, og unge med funksjonsnedsetting er ein del av dette utanforskapet. Det utgjer 23 prosent av befolkninga vår i begge fylka. Sysselsettinga av unge med funksjonsnedsetting i alle aldersgrupper er lågare enn befolkninga elles. I tillegg aukar gapet mellom unge med funksjonsnedsettingar i jobb og øvrig befolkning mellom 25-39 år og oppover. Funksjonshemma fell med andre ord meir utanfor. Dette burde bekymre oss.
Når me står på barrikadane for fleire funksjonshemma i jobb, er det med ei innsikt om at det ikkje handlar om éin enkeltperson eller enkle løysingar. Det finnest inga raske grep som kan tette sysselsettingsgapet. Årsakene til at unge fell ut er komplekse og samansette, og går på tvers av livsområde - helse, utdanning, arbeidsliv, fritid og sosialt samspel. Mange møtest også med fordommar og låge forventingar. Det er framleis ein veg å gå før arbeidstakarar med funksjonsnedsetting er likestilte i det norske arbeidsmarknaden.
Men at det er komplekst betyr ikkje at vi ikkje kan gjere noko. Det finst tiltak som verkar, både innan tilrettelegging for den enkelte og universell utforming. At fysiske og digitale løysingar er utforma slik at dei kan brukast av alle kan gjere forskjellen mellom jobb og utanforskap. Her er det mykje å tene. Aukar me sysselsettinga blant personar med funksjonsnedsetting med berre 15 prosent vil det gi ein samfunnsøkonomisk gevinst på nesten 30 milliardar over ti år.
Unge som treng bistand frå Nav for å kome i jobb kan gjennom Ungdomsgarantien få tilbod om individuell oppfølging av behov for tilrettelegging og hjelpemiddel. Men om dette skal lukkast, må det sikrast nok ressursar til å følgje opp til dei er godt etablerte på ein fast og trygg arbeidsplass.
Arbeidsgjevarane er ein del av løysinga, og dei må vite at dei kan få støtte og hjelp av Nav for å innfri krava til tilrettelegging. I eit moderne arbeidsliv burde alle kunne delta ut frå sine føresetnader, om det er på heiltid eller deltid, med fleksibel arbeidstid eller tilrettelagde arbeidsoppgåver. Ein inkluderande kultur på arbeidsplassen, med plass for mangfaldet, må aktivt byggjast. Det gir betre moglegheiter for den enkelte, men er også bra for arbeidsmiljø og innovasjon. Verksemder som tilset breitt får tilgang på verdifull kompetanse og nye perspektiv, som igjen aukar trivselen og lønsemda.
Så la innsatsen for eit inkluderande, mangfaldig og likestilt arbeidsliv vere normen for felles kamp for eit godt og trygt arbeidsliv!
God første mai!