Meining:

MEINING: Heidi Stavrum (t.v.), professor i kulturstudiar, og Solfrid Bratland Sanda, professor i idrettsvitskap, fysisk aktivitet og helse. Begge er tilsette ved Universitetet i Sør-Aust Noreg, campus Bø.

– Kompetanse og kvalitet kostar, men gjev att med renter

«Psykolog for ein tiar» var ei reklame for ei kjend fastfood-kjede som gjekk som ein farsott for nokre år sidan. Den billige psykologen hadde berre eit råd, og det var «Ta deg saman!». 

Me lo av reklamen fordi alle veit at me må rekne med å betale for den hjelpa ein kompetent psykolog, eller anna helsepersonell, kan gje oss. 

Men korleis tenker me om kompetanse i kultur, idrett og fritid?

Kulturskule er ein av få lovpålagte kommunale oppgåver på kulturområdet. Kulturskolelova seier ikkje noko om kva omfang tenesta skal ha, men den slår fast at «Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø».

Som innbyggarar i Midt-Telemark kommune deler me bekymringa for kommunens økonomiske situasjon, og me forstår at kutt på mange område er naudsynt. 

Som forskarar på høvesvis kulturpolitikk, folkehelse, fysisk aktivitet, idrett og kultur for born og unge meiner me på same tid at kommunen og politikarane har eit ansvar for å forstå rekkevidda av kva konsekvensar kutt i ulike sektorar vil ha.

Det er gjort ein økonomisk gjennomgang av konsulentselskapet PwC, kor det blant anna blir slått fast at Midt-Telemark bruker meir pengar på kulturskule enn andre samanliknbare kommunar. 

Tala viser moglegvis dette. Men kva ligg bak tala i rapporten? Kva er det eigentleg kulturskulen bidreg med for born og unge i kommunen vår, og for kulturlivet meir breitt?

Det er ropa høgt i fleire rundar om kor naudsynt det er å førebyggje meir for å reparere mindre. Likevel går 97 prosent av helsekronene i Noreg til reparasjon og dei lovpålagte oppgåvene, berre 3 prosent går til ikkje-lovpålagt førebygging. 

Erik Sæther i Oslo Economics rekna ut at om me ikkje bruker meir pengar på førebygging no, så må me rekne med at samfunnskostnadene aukar med 75 milliardar NOK årleg i 2050, medan i satsing mot førebygging no kan gje ei innsparing på 105 milliardar NOK. Per år!

Dei viktigaste førebyggjande tiltaka me har i samfunnet har ikkje merkelappen «helse» på seg. Dei heiter kulturskule, frisklivssentral, fritidsklubb, kor, idrettslag, speidaren, turlag med meir. Det er lågterskel-tilbod der dei som deltar kan kjenne på fellesskap og meistring i lag med andre.

Ein rapport frå KS om kulturfeltets plass i samfunnsutviklinga viser blant anna til at deltaking i kulturaktivitetar både kan bidra til betre fysisk og mental helse, samt at kultur fremjar sosial tilhørigheit og integrering i lokalsamfunnet.

I Midt-Telemark finn me fleire svært bekymringsfulle tal i oppvekstprofilen for 2025. Det mest alvorlege er at 14 prosent av ungdom i alderen 15-29 år er utanfor skule og/eller jobb. 

Samstundes synte Ungdata pluss-undersøkinga i Vestfold og Telemark i 2023 at 26 prosent av unge i alderen 11-13 år i Midt-Telemark deltek i teater, song og musikk. Til samanlikning har grenlandskommunane og vestfoldkommunane ei deltaking på 15-18 prosent. 

Kan det vera slik at den relativt sett høge deltakinga i teater, song og musikk i vår kommune allereie førebygger for ungt utanforskap? Og at tala kunne vore endå høgare og budsjetta til helse- og sosialtenester endå raudare viss me ikkje hadde dette gode og breie tilbodet?

Kva er så suksessfaktoren til kulturskulen vår? 

Det handlar om kompetanse og kvalitet, bygd opp over lang tid. Det handlar om lærarar som held eit høgt kunstnarisk nivå, som har ein ekstraordinær pedagogisk og relasjonell kompetanse. Lærarar som evner å møte ungane sine behov for meistring og tilhøyrsle, som gir elevane utfordringar og mål å strekkje seg etter, i ein annan setting enn den ordinære skulen. 

For nokre er kulturskulen ein veg til vidare arbeid innan kulturfeltet (berre hugs jubileumskonserten som var i Gullbring for ikkje lenge sidan!). For andre er kulturskulen ein livsviktig stad her og no, ein stad kor du blir møtt som den du er, og kanskje er kulturskulelæraren ein av dei få trygge vaksenpersonane du kjenner.

Ei anna særs viktig side av denne saken er å forstå kva kulturskulen og kompetansen til dei tilsette der bidreg med av profesjonelle tenester til kulturlivet i kommunen meir generelt. 

Som tillitsvald for tilsette i kulturskulen, Sverre Jacobsen, peikte på i eit tidlegare oppslag i Bø blad, legg kulturskulen til rette for blant anna 17. mai-arrangement, UKM, Den kulturelle skulesekken og Bø lyd og scene. 

Videre har kulturskulen eit breitt samarbeid med frivillige lag og foreiningar, som kjøper instruktør-, dirigent- og administrative tenester. Det gjeld Bø skulemusikk, Bø janitsjar, Bø juniorspelemannslag, Nes Nasjonale Dansarring, Akantus, Midt-Telemark kulturnettverk og Sommarlandfestivalen. 

Kulturskulen for born og unge blir dermed ein viktig aktør for helse og livskvalitet også for andre innbyggjarar i ulik alder og med ulik helsesituasjon.

Det har vore sagt og skrive mykje om kulturskulen og det viktige tilbodet dette er for born og unge, men me håpar at me har politikarar og administrasjon som verkeleg ser kor mykje valuta for pengane dei får for dei få kronene på kommunebudsjettet som går til kulturskulen. 

Dersom me skal redusere tilbodet til «teater for ein tiar» så er det ikkje berre fare for at me mister verdifull kompetanse og kunnskap. 

I verste fall kan eit velfungerande tilbod med høg kvalitet miste krafta si som førebyggjande faktor for endå høgare utanforskap i kommunen.

Powered by Labrador CMS