SIDESPRANG:

FAST SPALTIST: Tom Arne Møllerbråten er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Jul for meg er tida der det djupaste alvor går hand i hand med den sterkaste glede

Publisert

I adventstida spør eg folk om dei er komne i stemning. Er ikkje det litt rart?

Elles i året stiller ein aldri spørsmål som «Har du fått påskestemninga endå?» eller «Korleis står det til med sommar­stemninga, då?».

Julekonsertar, julemusikk, julemat, julepynt og lukta av grantre vekkjer til live den gode, gamle julekjensla.

I vår familie har me tradisjon for å lese små juleforteljingar på søndagane i adventstida. Den eine boka me les frå heiter faktisk «Julens stemninger».

Men når eg tenkjer etter, handlar jo ikkje desse forteljingane først og fremst om å ha gode kjensler. Snarare tvert imot. Fleire av forteljingane handlar om folk som ikkje har det bra. Om vanskelege relasjonar og utanforskap.

Jo då, nokre forteljingar er berre søte og hyggelege, som den om bygda som gløymde at det var jul. Men det er slåande korleis fleire av dei mest populære minner oss om egoismen og grådigheita vår. Så kontrastfylt det blir når dei samtidig trykkast på glansa papir i flotte julehefte.

Tom Arne Møllerbråten

Tom Arne Møllerbråten kjem frå Magnor i Eidskog kommune og har vakse opp eit steinkast frå Sverige. 

Etter ein del år i Oslo, flytta han med kone og tre døtrer til Gvarv i 2000. 

Han jobbar som lærar på Sagavoll folkehøgskule, men er også redaktør for Steg - tidsskrift for kristen folkehøgskule. 

Han elskar Midt-Telemark, les mykje, spelar gjerne bass, skriv stadig, held ein del talar og foredrag. Er oppteken av teologi, filosofi, historie, litteratur og psykologi, men smiler av mykje.

I nokre forteljingar møter me godheit. 

Rausheita til Marte Svenneru skin mot oss når ho seier «Je tar alle sju. Itte no knussel» og tek til seg dei sju foreldrelause barna. 

I Tolstojs «Den framande gjesten» møter me ein skomakar som tek seg av dei svoltne og fattige. Også det eit førebilete å strekkje seg etter.

I andre forteljingar ropar fortvilinga mot oss. 

I «Den vesle jenta med svovelstikkene» er det ingen som ser og hjelper den fattige og forfrosne vesle jenta. Heller ikkje i «Karens jul» er det nokon som reddar Karen og jentungen. Det endar i død i begge forteljingane og urettferda tiggar om vår protest.

Ein av dei vakraste forteljingane heiter «Legenden om julerosene» av Selma Lagerlöf. Der møter lengta si oppfylling.

No sist las me «Grantreet» av H.C. Andersen. Den handlar om eit grantre som aldri var nøgd med å vere på den staden det var, men som alltid ville vidare. Aldri nøgd! Lett å kjenne seg att i det.

Saman med forteljinga om Jesu fødsel, er alle desse små historiene med på å lage ulike stemningar i juletida. Jul for meg er tida der det djupaste alvor går hand i hand med den sterkaste glede.

God jul!

Powered by Labrador CMS