Meining:

– Inntrykket mitt er at det kanskje er å kutte i administrasjonen som kan vera lønsamt og aktuelt
Svar på meiningsinnlegget til Svenja Doreen Storøy i Bø blad den 22. mai.
Takk for dine tankar og synspunkt, Svenja.
Da eg oppdaga innlegget ditt var fyrste tanken min: "Spar der det er pengar å spare."
Inntrykket mitt er at det kanskje er å kutte i administrasjonen som kan vera lønsamt og aktuelt. Ellers er det jo barnevernet som står for dei største budsjettoverskridingane.
Og eg synest det er paradoksalt at desse overskridingane skal vera med på å skade oppvekstvilkåra for alle ungane i Bø, og håper på betring her.
Trur nok også det kan vera ein del "å hente" viss ein får betra tilhøva i helse- og omsorgssektoren. Håper det er nokon som kan klare det. Tenker at det er så viktig at dei tilsette trivast. Då vil yteevna bli best, og sjukefråveret lågast.
Gunnar Bergskås m/fleire har skrivi eit godt og langt innlegg, som eg ikkje har fått lest, men bare referert i frå. Det tyder på at konsulentselskapet har fått mangelfull informasjon, og at Folkestad skule absolutt bør bevarast. Dersom leiinga ved skulane kan samarbeide, betre og tettare, er det håp om at pengar kan sparast, og at det kan medføre positive endringar for alle partar.
Sjølvsagt er eg samd med deg i at SFO-tilbod er naudsynt for at foreldra skal kunne vera i arbeid. Unganes ve og vel må prioriterast, kanskje særleg i vanskelege tider. Det er me vaksne som må gå saman og ta dei løfta som er naudsynte.
Dugnadsvilja har alltid vori sterk ved Folkestad skule. Og det er ho heldigvis framleis. Me må bare få lov til å vera med og yte, tenker eg. Da kan store og gode ting skje.