MEINING:

Hyllest til heltane i Heithølen
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Dette kunne vore eit bidrag til spalta "Framsnakkar'n", men det er plass til meir kyt i avisa, så eg skriv eit eige "vasst" innlegg om nokon som gjer ein livsviktig jobb.
På onsdagane får mange barnehageungar ta turen til bassenget i Gullbring - og det er nokon som følgjer dei.
Det er desse som stiller opp i badedrakt som arbeidsantrekk (kudos!) dette skal handle om.
Eg møter dei når eg er tilbake i garderoben etter mine meter i det våte elementet. Eller, at eg møter dei er ikkje heilt sant, meir ei vassblank løgn. Eg pleier å rømme unna!
Mens ein skokk små skal ha hjelp til å rydde tinga sine på plass i eit skap utan å bli våt på sokkane, dusje, få på badetøy og blåse opp baderingar, gøymer eg meg i badstova.
Den kalde dusjen ventar eg med til kysten er klar.
Det skjer ulykker av ulike slag, og ikkje alt kan ein sikre seg mot. Men mange ulykker relatert til vatn kan ein unngå med tilvenning til vatn og svømmeopplæring. Nasjonal statistikk viser at det er ein gledeleg nedgang i drukningsulykker frå i fjor til i år.
Eg ligg stum som ein østers i badstova, sveitt og stum, stum av beundring.
Det er bortimot 80 grader her inne, ikkje rart eg er sveitt, men nokon av sveitteperlene skuldast nok tanken på å stå i det onsdagsheltane i bassenget gjer.
Dei har armar til alle. Dei er blekksprutar i soneforsvar på glatte fliser! Eg høyrer ei siste formaning om å trå varsamt på det glatte golvet idet dei slusast ut frå garderoben i retning Heithølen.