– Her skal du få eit spirituelt reisebrev
Du les no ei fast spalte som uttrykkjer skribenten si meining.
Dei siste ti åra har eg stort sett halde meg i Vest-Telemark. Men i sumar var det på tide med nokre reiser, og dei gjekk til Thessaloniki og Roma. Dette er svært viktige byar både reint historisk, og kristeleg.
I Roma fekk eg mellom anna høyre på paven i Vatikanet. Rett nok måtte eg stå utanfor kyrkja, som var full av pilegrimar.
Pave Leo tala om at musikk er ei guddommeleg gåve som vi er kalla til å bruke i vår liturgiske tilbeding.
Så vart andakten oppsummert og omsett til minst ti ulike språk, av ulike tolkar. Det vart mange ord – men pilegrimane i kyrkja sette då pris på å få personlege helsingar frå paven på eige språk, det var mykje jubel og glede.
Roma er ein by som alle reisande bør vitje minst éin gong, tykkjer eg. Det gjorde trass alt også mange av våre forfedrar i norrøn tid og mellomalder.
Men så var det Thessaloniki. Der har vi ein noko annan kultur og kristendom. Ikkje Cæsar og Sankt Gregor den store, men Alexander og Sankt Demetrius.
Faktisk går det også ei tydeleg line frå våre norrøne røter òg ned dit – den lina går via det russiske Kiev-riket, som vart grunnlagt av skandinaviske vikingar.
Kristningskongane Vladimir og Jaroslav rundt tusenårsskiftet var ein del av eit dynasti som også dei norske kongane var vovne saman med. Og den kristendomen som fekk fotfeste i Kiev-Rus, kom nettopp frå Thessaloniki (og Konstantinopel).
Det er underleg å reise til ein slik annan kultur og freiste å opne seg opp for impulsar. Ein essensiell måte gjere dette på, er å delta i religionen.
Den katolske historikaren Christopher Dawson har understreka at religionen og den liturgiske tilbedinga er kjernen, kjelda og sentrum i kulturen. Det er herfrå at kulturen – og mennesket – formast, på komplekst og stundom underfundig vis. Og det var noko av dette eg sjølv fekk oppleve.
Det som den djupe ortodokse liturgien og det overveldande ortodokse kyrkjerommet nok kan hjelpe oss nordmenn mest med, er å oppleve det guddommelege i det skapte og kroppslege og sanselege. Og det tankevekkande poenget frå Dawson er at ei slik oppleving og deltaking også vil prege resten av livet ein lever.