SIDESPRANG:
– Gir du meg eit lommetørkle?
Høgare alder kjem sjeldan åleine.
Svekkja syn, slappare hud og dårlegare spenst. Motvilje mot nye ting i mange tilfelle, dårlegare hugs, mindre vilje til å ta risiko og meir bedagelegheit.
På den andre sida får ein òg meir klokskap, blir tryggare og får ei «det er ikkje så farleg»-haldning ein gjerne skulle hatt tidlegare i livet.
Vi som har levd litt lenger, forstår kor sårbart livet kan vere. Kanskje er det òg derfor ein blir lettare rørt med alderen. Dei minste ting kan nemleg knekke meg no.
Her om dagen såg eg til dømes ein liten flokk fuglar som sat tett i tett på ein kald dag. Eg såg for meg den peptalken der oppe.
For nokre år sidan sat eg på ein buss som venta på ein passasjer som kom springande, kjende den.
Skuleavslutning. Barn som har pynta seg og ser nøgd på seg sjølve i spegelen, eller når dei får til noko dei har øvd på. Det blikket.
Julesongar. Allsong. Det treng ikkje eingong vere spesielt vakkert. Eg har sunge litt i kor, og det er jo litt flaut å bli rørt av sin eigen song. Men det er song i fellesskap som tek meg. Sånn er eg.
Men det som rører meg mest no for tida: folk som bryr seg om andre sine barn. At du bryr deg om dine eigne seier seg sjølv, men at ein spør, følgjer opp, heiar, hjelper og ser andre sine barn, det er dobbelt så bra.
Det er ei påminning om at vi framleis har tillit, noko samfunnet vårt treng. Kvardagsomsorg på låg styrke.
Det blir sagt at det trengst ein landsby for å oppdra eit barn. Eg likar den tanken. At vi ikkje står åleine i det gigantiske ansvaret det er å følgje opp og sørgje for at barn har det bra, at det ikkje er eit sololøp. Det er lettare når vi gjer det saman.
Så heia dei som har plass til eit par ekstra rundt middagsbordet, seier frå når noko er ugreitt, trøystar og gjev high fives. Det kan gi minne som barn tek med seg livet ut, ikkje mindre enn det.
Neste gong du ser meg tørke meg i augekroken når ein framand vaksen hjelper eit barn med vottane, er det sikkert berre vinden.