
Felles opprop: – Nok hyttur på Lifjell no
For fyrste gong stiller ei rekkje organisasjonar, lag og parti i Midt-Telemark seg bak eit felles opprop om at «nok er nok» når det gjeld hytter på Lifjell.
Spørsmålet er om ein verkeleg vil seia ja til å byggje ut enda meir natur som er tilgjengeleg og kjær for innbyggjarane i kommunen, som utgjer ein attraksjon i høve til reiseliv og turisme, og som gjev utflyttarar den sterke trongen til å flytte heimatt igjen.
Mange meiner grensa for vidare utbygging på Lifjell no er nådd, og laurdag 14. juni er me mange som inviterer til ei brei markering på Bø torg mot Lifjell-planen som skal opp i kommunestyret to dagar etter.
Me er glade i fjellet vårt og vil at våre etterkomarar au skal få oppleve dei naturgleder Lifjell framleis kan by på. Og ikkje minst: Naturen har ein eigenverdi au.
Det er eit stort engasjement blant folk når det gjeld denne saka, og det har vore mange lesarinnlegg i Bø blad: Felles for svært mange er at dei er kritiske til ei vidare utbygging.
Ungdomsrådet vil at Lifjell framleis skal vera Midt-Telemark sitt primære tur- og friluftsområde. Dei minner oss på at om me ønskjer fleire turistar hit, kva skal dei nyte, om ikkje natur?
Bø turlag legg vekt på at det er viktig å ta vare på det som er att av ubygde areal i dei lågare delane av fjellet, ikkje minst av omsyn til alle brukargrupper.
BirdLife Indre Telemark er opptatt av korleis den politisk styrte utviklinga på Lifjell påverkar fuglelivet. Dei legg vekt på at fuglane kanskje er dei levande vesena som folk ser mest til i naturen på Lifjell, og desse og dyrelivet generelt er noko som engasjerer folk langt utover miljøet av «spesielt interesserte».
Vidare har gruppa Bærekraftige liv i Bø argumentert for at me må sjå det større bildet når det gjeld framtidige generasjonar og globale klimatrugsmål, og at me er avhengige av å ha politikarar som har evne til å sjå nettopp denne samanhengen. Dei legg au vekt på at eit intakt naturgrunnlag kan sikre naturmangfaldet og hindre erosjon og jordras ved ekstremvêr.
Studentar ved USN saman med Spire Bø og Ung Botaniker Bø siterer i eit innlegg Biofokus sin rapport om naturtypekartlegging, der det står at areala innanfor prosjektområdet er under sterkt press på grunn av omfattande hyttebygging, vegbygging og hogst.
Her er mykje myr og denne utbygginga fører ikkje berre til tap av landskap og natur, men au til at det blir sleppt ut store mengder karbon til atmosfæren. Skrivet avsluttar med at «Lifjell ikkje treng fleire hytter. Lifjell treng ro, rom og respekt. No er det nok.»
Raudt har i eit lesarinnlegg peika på ironien i at me byggjer stadig større hytter for kunne romme barn og barnebarn, samtidig så er det desse som må arve rekninga i form av klimautslepp og forringa natur. Dei stiller au spørsmål ved kva slags arbeidsplassar utbygginga vil gje: Skaper det noko som gjev ei leveleg framtid for oss, eller er det berre ein del av ein kortsiktig tankegang?
MDG viser til at Lifjell ikkje berre er «grunneigarland», men også er bygdas viktigaste allmenning. Dei minner oss om at det er naturen og ikkje hyttene som er den grunnleggjande ressursen på Lifjell. Hyttebygginga kjem med ein kostnad for naturen sjølv, og i ulik grad for friluftsliv, beite, jakt, innbyggjartrivsel, reislivattraksjon, USN-studentar m.m.
SV har peika på at nedbygging av naturareal i praksis er ei fortrenging av andre artar, og at medan ein normalt er restriktiv med nedbygging av jordbruksareal, så blir det på Lifjell ofra område med tradisjonsrikt utmarksbeite.
Bjørn Tordsson, grunnleggjar av friluftsstudiet ved USN, spør om me ofrar Lifjell for å oppnå verdiar ein annan stad? Han peikar på at norsk hyttekultur bandlegg dyrebar energi og har skapt ein dobbelthus-kultur som ikkje er berekraftig korkje når det kjem til naturtap, samfunnskostnad eller klima.
Både han og fleire påpeikar at denne hyttekulturen privatiserer den felles eigendomen me har, ved at utmarksområda der allemannsretten galdt, har blitt erstatta med tomter som blir rekna som privat innmark.
Det er eit vidt spekter av omsyn og argument som talar for at grensa for utbygging allereie er nådd.
Kortsiktige økonomiske omsyn kan ikkje alltid prioriterast over alle andre omsyn, og på lengre sikt kan det attpåtil vise seg å vera økonomisk ugunstig.
Politikarane våre er valt av befolkninga for å ivareta det store mangfald av interesser lokalt, ikkje berre utbyggingsinteressene.
Me håpar derfor at dei hugsar fjellvettregelen om at det er inga skam å snu og derfor seier NEI til ytterlegare utbygging på Lifjell.