Sidesprang:

– Er me medvitne forbrukarar og nyttar oss av varene og tilboda i nærmiljøet?
Det er snart fire år sidan Skandiabanken vart oppkjøpt av DnB.
I protest mot å bli ein del av ein bank kor øvste leiar tener 1,5 millionar kroner i månaden, bestemde eg meg for å bruke mi forbrukarmakt til å skifte bank. Eg bestilte bankkort frå ein mindre konkurrent, og alt var berre nokon tastetrykk unna.
Då ein tilsynelatande oppegåande gründer skifta ham og stod fram som ein logrande puddel for Trump-administrasjonen, tenkte eg på same måte om Meta-universet.
Det gjorde eg også om plattforma X, som vart overteken av den splittar pine galne Elon Musk, stående og heile med høgrehanda.
Eg fekk sletta X-kontoen min og var glad for at eg aldri kjøpte Tesla, men eg er framleis kunde hos S-banken, og skrollar enno på Facebook.
Eg trøystar meg med at eg konstant har altfor lite på konto til at banken tener pengar på meg, og eg bruker langt mindre tid på Facebook.
Så, har eg gitt opp å påverke gjennom mi forbrukarmakt?
Kanskje i forhold til desse gigantane, men det er jo mange moglegheiter lokalt, der mine val som forbrukar kan gjere ein forskjell.
Då tenkjer eg først og fremst på dei mange nisjeverksemdene som etter kvart har etablert seg i Bø, ikkje berre for å bli store og tene mange pengar, men små bedrifter som i utgangspunktet har vorte til ut ifrå ein lidenskap eller eit berekraftig engasjement.
Det Gule Hus er ikkje berre eit gult hus i Bø, det har klona seg til hus over heile Noreg, med eit genialt konsept om å selje brukte ting og lokal brukskunst.
Bø brød starta med ein liten omn i Bøgata og er snart både bakeri og kafé i Stasjonsvegen.
Rekoringen demonstrerer at små lokale bedrifter og småbruk leverer prima varer som eg som forbrukar kan prioritere.
Og bortgøymt i eit smau midt i sentrum ligg Bø Bakgård & basar, nok eit godt konsept som ein gjeng engasjerte, kreative aktørar har drege i gang.
Så brukar eg desse tilboda? Eg må innrømme at nokon blir brukte meir enn andre, og til saman ikkje nok. Men heller enn å ergre meg over at eg ikkje har skifta bank og komme meg ut av Facebook, så skal eg framover vere ein endå meir medviten forbrukar av nærmiljøet og nytte meg av varene og tilboda som ligg rett utfor døra mi.
Det er jo i høgaste grad forbrukarmakt det òg.