LEIAR:

REDAKTØR: Hilde Eika Nesje er ansvarleg redaktør i Bø blad.

– Det har blitt mykje meg og mitt i årets val­­kamp

Publisert Sist oppdatert

Måndag 8. september er ein viktig dag. Det er Noregs store dag - valdagen. 

Viss du ikkje allereie har nytta mulegheiten til å førehandsstemme, bør du nytte sjansen nå. 

Det er ikkje ein sjølvsagt ting at alle si stemme tel når det er val, og det er ikkje ei sjølvfølgje å bu i eit land der alle innbyggjarar har demokratiske rettigheiter. 

Demokratiet er skjørt, og viss me fortsatt vil ha det som styreform er den beste måten å ta vare på det å bruke stemmeretten sin.

Sjølv om du synest at det kan bli slitsamt med valkamp, der alle kjempar om merksemd for sine saker og mange ropar i munnen på kvarandre, må du ikkje gje opp trua på at det me har fungerer. 

For det er når me blir likeglade at det blir farleg. Det er da egoismen og dei maktkåte og herskesjuke kan gripe sjansen til å endre styresett og reglar, og gjere det trongare for kvarmansen å leve sine liv trygt.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at mange blir matte av valkamp og debattar, i alle fall når det blir bråkete og det meste ser ut til å handle om meg og mitt, og korleis ein sjølv kan få eit godt liv. 

Når språkbruken blir stadig styggare, personangrepa skitne og fleire og usakleg latterleggjering av motstandarar blir malen for valkampen, er det grunn til å rope varsku: 

Kvifor skal me ikkje ha respekt for kvarandre og oppføre oss ordentleg mot kvarandre, sjølv om me meiner ulikt? Å gå motsett veg er å degradere sjølve demokratiet, der alle har sin plass.

Det har blitt mykje meg og mitt i denne valkampen, med saker i fokus som handlar om ”mykje vil ha meir” og korleis me som (sett i det store bildet) allereie er rike kan bli enda rikare, og bidra mindre. 

Det er forståeleg at dei fleste ønskjer seg sikker økonomi, for det gjer livet enklare. Likevel er nordmenn som stort sett har det dei treng og har gode velferdsordningar plaga av dårleg psykisk helse, einsemd og folk som står utanfor arbeidslivet. 

Me blir kanskje ikkje så superlykkelege likevel av å bare tenkje på oss sjølve og vårt eige liv?

Me må ikkje gløyme at den einskilde er ingen ting utan fellesskap. 

Det finn me lokalt og nasjonalt på ulike kulturarenaer og i organisasjonar der folk samlar seg og gjer noko saman, og me finn det i frivillig arbeid. 

Å vere saman med andre, å føle seg brukbar og hjelpe dei som treng det er god kur mot einsemd. Dessutan er vel ingen i tvil om at natur kan lege mange psykiske lidingar. Så kvifor har me ikkje snakka meir om dette i valkampen, da?

”Eit menneske er inga øy, sitt eige heile; kvar ein er bit av eit kontinent, del av fastlandet”, skriv John Donne, gjendikta av Tarjei Vesaas. 

Han har heilt rett, og det kan me la oss inspirere av.

Powered by Labrador CMS