LEIAR:

HAUST: Mørketida er i ferd med å sige innover Midt-Telemark og resten av landet.

– Kan me gjere den mørke tida lysare for kvarandre?

Dette er ein leiarartikkel som uttrykker lokalavisa si meining. 

Publisert

Det er ingen tvil. Etter ein veldig god og lang sommar, med milde og solrike dagar, er hausten her. Det merkar mange på kroppen.

Dagane blir kortare, kveldane mørkare og temperaturen kryp gradvis nedover gradestokken. Mørketida sig innover oss, til glede for nokon og til sorg for andre.

I eit land som vårt, med fleire kalde månader i året, er det heilt naturleg at me trekker innomhus i den mørke årstida. Me pakkar oss inn i varme klede, finn fram ullsokkane, tenner lys og søkjer ly bak lukka dører.

Det kan vere ei koseleg tid for dei som har nokon dei kan dele den varme peiskroken og dei hyggelege kveldsstund­ene med.

For dei som er så heldige å ha det bra, er det kanskje lett å gløyme at ikkje alle har det slik. Sjølv om statistikken viser at det ikkje nødvendigvis er i den aller mørkaste tida at flest nordmenn vel å forlate livet, er møtet med den kalde årstida likevel ein viktig påminnar om at me kan gjere ein viktig forskjell.

Når me isolerer oss inne i dei varme husa våre, er det fort gjort at sårbare menneske blir usynlege fleire månader i strekk.

Kva om alle me som bur i fine Midt-Telemark kan prøve å vere litt meir inkluderande i månadene som kjem?

Mange av oss har god plass og høve til å be ein eller to ekstra til bords. Det treng ikkje vere noko storslagent helgeselskap - ein heilt vanleg kvardagsmiddag kan også vere fin.

Sjå deg litt rundt i lokalsamfunnet vårt. Er det ein nabo, ein kollega, ein ven eller eit familiemedlem du veit sit mykje aleine? Kva med å invitere dei med i ulike felles­skap?

Om terskelen for å be nokon heim blir for høg, kan du kanskje invitere nokon med ut? De kan gå ein liten tur i Evjudalen, eller langs den haustfine Gvarvelva i lunsjpausa. Kan ein ekstra vere med deg på søndagsturen, eller rett opp i skogen og brenne bål, tru? Eller du kan be med nokon på korøving, ein lokal fotballkamp eller ein av dei mange flotte konsertane som det er flust av her i Midt-Telemark.

Det treng ikkje koste noko heller. Det handlar i grunnen bare om å løfte blikket bak skjerfet og lua, smile meir til folk me møter og vere eit nærværande medmen­neske, sjølv om kvardagen kan vere hektisk.

Ein liten butikkprat, eller at nokon bare ser deg og møter blikket ditt, kan faktisk gjere ein uventa stor skilnad på ein annan sin grå eller dårlege dag.

Alle menneske har bare ei tilmålt tid på jorda. Den tida og lokalsamfunnet vårt kan bli så mykje betre viss me stiller opp for kvarandre - og ser kvarandre.

Me kan starte i dag, og me kan ha Midt-Telemark som utgangspunkt. La oss gjere mørketida betre for kvarandre! 

Powered by Labrador CMS