STORE STYRKAR: Det trongs mange, både menn og hestar, for å få bautasteinen fram til kyrkjebakken.
Bø Museum
Tolv hestar og mange folk måtte til for å få steinen opp
Bø mållag tok initiativet til å reise ein bautastein ved Bø kyrkje til minne om dei bøheringane som var med i krigen 1807-14, og også til minne om grunnlova.
Emnet til bautasteinen ved Bø kyrkje blei teke ut i Øverbøskogen ved Basmoen. Det gjekk gale med det første forsøket, og eit nytt emne blei teke ut og køyrt fram på vinterføre. Gregar Nordbø fortel om hendinga i dagboka si: