TEAM MED SUKSESS: På Uvdal gard har trioen Are Hynne (f.v.), Christian Ramberg og Malene Berdalen suksess.
Norsk Rikstoto
I helga blei dei 325.000 kroner rikare
Timestile R og kusk Tom Erik Solberg sikra seg andreplassen i finalen på Bjerke travbane i helga. Med det skreiv treåringen frå Uvdal gard seg inn i historiebøkene i norsk tråvsport.
I helga var det klart for ein av dei største hendingane gjennom året i norsk tråvsport. Tida hadde kome for klasseløpsfinalane på Bjerke travbane der landets beste tre- og fireåringar stiller til start i finalane.