Full fart på fotballskulen:
– Her lærer me å finte og får nye vener
Denne veka har fotballinteresserte 1.-7.- klassingar deltatt på TINE fotballskule i regi av Skarphedin IL. Det har vore mykje læringsglede og sprell på Sandvoll.
Frå måndag til onsdag denne veka har 129 jenter og gutar frå Skarphedin fotballklubb, samt interesserte frå resten av Telemark, deltatt på TINE fotballskule. Fotballskulen er nasjonal, og er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og TINE som starta i 1998. Målet er sportsleg aktivitet, sunt kosthald og trygge rammer.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp