Sigrid Aksnes Stykket er fast spaltist i Bø blad.
Gro B. Røiland
The Times They Are a-Changing
Sigrid Aksnes Stykket er pensjonist, aktivitetskontakt nokre timar i veka, underviser litt av og til på vaksenopplæringa eller USN, skriv av og til, går litt på besøk til folk som er eldre og klokare enn seg, tenkjer tilbake og tenkjer fram, og er litt her og nå. Når korona tillét det, går ho gjerne på møte og gudstenester. Da reiser ho også gjerne litt, mest innanlands. Ho bur i Eikjabygda, og har kjøpt leilighet i Bøgata.
Eg fylte nyleg rundt år, og da har det lett for å bli litt tilbakeblikk og tankar omkring da og nå. Dei som gjekk føre, er borte, og ein har sjølv blitt eldste generasjon. Ein oppdagar at dei er sanne, dei klisjeane ein har høyrt og trekt på akslene av, at det kjennest så uverkeleg, for barndommen er bare eit lite steg unna.