Romjulsquiz: Lokal mat og drikke
1. Kva for ei bedrift i Midt-Telemark vann NM i «sunn fastfood» i 2021?
2. Eit gardsutsal i Midt-Telemark kan skilte med eige kaffebrenneri, kor finn me det?
3. Kva for ein lokal matplass har annonsert med «ukas husmann»?
4. Ein plass i Midt-Telemark byr på mat etter prinsippet «frå jord til bord», kven?
5. Sist sommar kunne du få kjøpt lokale jordbær, dyrka under tak i store tunnellar, kvar?
6. Lindheim Ølkompani på Gvarv vann nyleg ein internasjonal pris i ein konkurranse i Belgia. Kva var tittelen på prisen?
7. Kva for ein smultbakst har konjakk som ein av ingrediensane?
8. Når ein brukar rulten og ralten, undersmøyaren og smikkadalten, kva driv ein med då?
9. Kva slag fisk er det vanlegast å lage rakfisk av her i distriktet?
10. Frå gamalt av skal ein ha sju sortar kake til jul, kan du dei sju vanlegaste?
11. To av desse steikast i jern, kven?
12. Kva er spesielt med bakevarer frå Bø Brød?
13. Bø Brød har eit samarbeid med ein annan lokal bedrift, kven?
14. Kven er det som står bak eplemosten Eventyrmost?
15. Kven står bak bedrifta Hyllest AS?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp