MEINING:

HELD UT: Sjølv angrep frå Hjortelusa hindrar ikkje skribenten i å plukke den deilige soppen i skogen.

– Den ekle hjortelusa stoppar ikkje meg

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

Eg tenker at dei fleste som ferdast i skogen nå om dagen ikkje er glad i hjortelusa?

Eg har plukka sopp siden eg var gutunge. Far tok oss med på jakt etter blek piggsopp, det var hans favoritt. Han steikte den i smør og krydder, for så å ha den på brødskiva. Fant me sopp for far, så var det stas.

Det sit framleis i, og eg hentar mykje piggsopp om eg finn, den pleier det å vere nok av. Kantarell, traktkantarell og gul trompetsopp er også favoritter. 

Den soppen eg likar best å finne er kongen av sopper, Steinsopp. I år ser det ut til å være bra med Steinsopp. Er eg heldig og finner unge eksemplarer, så er det eit flott syn, og dei plukkast med varsom hand.

Handa og fingrane mine er ikkje varsomme med den ufyselege hjortelusa. Den er irriterande påtrengande.

Eg hugsar da den kom for fullt for nokre år sidan. Med lim i beina og panserstål på kroppen så er den vanskelig å få vekk. Eg har fått nokre bitt, det sit i cirka tre veker hos meg. Eg har blodtype 0, kan gi blod til alle, men ikkje til den ekle hjortelusa.

Nå bryr eg meg ikkje lenger, den må bare lande i mitt korte hår, som for øvrig bader i sveitte. Eg sveitter ganske mykje i hodet og nakke, sjølv om eg bare går forsiktig i skogen.

Då badar hjortelusa i saltlake, den mørnasr godt og limet på beina forsvinn. Den blir enkel å få tak i, og eg skviser den mellom fingrane lett som ingen ting!

Hjortelusa stoppar ikkje meg - gler meg til neste sopptur!

Powered by Labrador CMS