VAKKER STAD: Denne vakre staden er me innom i quizen, som denne gong er laga av Gro.
VAKKER STAD: Denne vakre staden er me innom i quizen, som denne gong er laga av Gro.

På utflukt med Gro

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Gro sin tur, som tek deg med på utflukt i Follo og omkringliggande bygder.

Publisert Sist oppdatert
  1. Kva heiter byen som fram til 2019 hadde ei kråke i kommunevåpenet?
  2. Denne byen er kjent for ein spesiell matrett. Kva for ein?
  3. Litt lenger nord finn ein familieparken Tusenfryd. Kva for kommune ligg den i?
  4. I same kommune ligg NMBU. Kva står forkortinga for?
  5. Når starta dei med høgare utdanning her?
  6. Ikkje langt herifrå finn ein Julenissens postkontor. Kva heiter byen?
  7. I fjorden like ved ligg ein gamal festning. Kva heiter den?
  8. Kven har festningen namn etter?
  9. Natt til 9. april 1940 skreiv staden seg inn i noregshistoria. Kva skjedde?
  10. Dreg ein mot nord, kjem ein til ein stad med «namnesyster» på Gvarv. Kor hen?
  11. Ein felespelar som tok Europa med storm i 2009 har vakse opp her. Kven?
  12. Frå denne kommunen kan ein ta ferje over fjorden til kva for to andre kommunar?
  13. Nå vil me heim att. Kva heiter togselskapet som tek deg til Midt-Telemark?
  14. Ein stasjon på ruta ligg på 112,1 meter over havet. Kva for stasjon?
  15. Når blei den opna?

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS