Kva veit du om Hollywood, Harry Potter, Titanic, flagg og blekksprut?
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Dag Einar sin tur.
1. Kva for fargar har stjernene på New Zealand sitt flagg?
2. Kva heiter bygningen du ser i Kambodsjas flagg?
3. Kven blir ofte referert til som «kongen av Latin Pop»?
4. Kva for tal har den svarte kula i biljard?
5. Entomologi er studien eller læra om kva for noko?
6. Kva for Hollywood-regissør debuterte som regissør med «Duel» i 1971?
7. I kva for film spelte Harrison Ford, Sean Young og Rutger Hauer saman?
8. Hagrid frå Harry Potter har eit kjæledyr, Buckbeak. Kva for dyr er det?
9. Kva heiter den lengste fjellkjeda i Sør-Amerika?
10. Kva heiter hovudstaden i Namibia?
11. Kva for ein engelsk havneby sigla Titanic frå i 1912?
12. Kor mange hjarte har ein blekksprut?
13. Kven fekk jobben som teknisk sjef i Midt-Telemark kommune?
14. Kven i Bø har nyleg byrja å tilby fødselsterapi til vordande mødre og fedre?
15. Kven har nettopp blitt ferdig med ein hardingcello?