Vinnarar av MGP-junior 2013 - men kva heitte gruppa?
Øystein Akselberg
Kva kan du om Elton, Robbie og ei gruppe frå Bø
Kjenner du igjen dei fire på bildet? Og kven er det som syng om ei fontene på Youngstorget? Denne veka kan du bryne deg på nokre musikkspørsmål.
- Kva heiter bandet som skal representere Noreg under Eurovision i Torino i mai?
- Kven vant denne songkonkurransen i fjor?
- Kva heiter jentegruppa som sto bak hitlåtane Wannabe og Say you’ll be there?
- Kven trakk seg frå denne gruppa i 1998?
- Kva heiter den danske trommeslagaren som var med på å starte Metallica?
- Kva er artistnamnet til rapparen Marcus Mosele?
- I 1997 framførte Elton John ein ny versjon av Candle in the wind. Kven var denne versjonen av songen ein hyllest til?
- Kven song Hellbillies-coverlåta Jeg glemmer deg aldri i Rådebank?
- Kva heiter bandet som Robbie Williams var medlem av før han begynte på solokarrieren?
- Kven er også kjent som ‘kongen av pop’?
- I kva for eit år døde han?
- Kven syng låta Fontena på Youngstorget?
- Kva heitte musikkgruppa frå Bø som vant MGPjr i 2013?
- Kven song den amerikanske nasjonalsongen under innsettinga av president Joe Biden?
- Kva er etternamnet til musikaren Astrid S?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp