LOKALE MUSIKKSPØRSMÅL: Vekas quiz frå Gro har musikk med lokalt tilsnitt som tema.
L

Gros musikkquiz

Publisert Sist oppdatert
  1. I fjor blei heimen til ein kjent komponist og dirigent lagt ut for sal i Øvre Bø. Kven?
  2. Kva heiter plassen der han budde frå 1941 til 1985?
  3. Han var klassisk skolert med verda som arbeidsplass. Kvifor flytte han til Bø?
  4. Ein 25 år eldre spelemann inspirerte han spesielt. Kven?
  5. Kor kan me framleis sjå denne spelemannen?
  6. Kva for andre instrument enn hardingfele spela han?
  7. På Akkerhaugen finn me ein organist og komponist, født i 1955. Kven?
  8. Også han er inspirert av folkemusikk, men også av ein anna sjanger. Kva da?
  9. Sonen hans er også komponist. Kva heiter han?
  10. Kva heiter musikkfestivalen han var med og starta i 2015?
  11. Kven er kunstnarisk leiing for festivalen i dag?
  12. Kven har nyleg gjeve ut ei plate med namn «Tell til tjuge»?
  13. Ein av dei som er med på plata spelar i Nes kyrkje i kveld, 1. oktober. Kven?
  14. Kven er det han spelar med i kyrkja?
  15. Akkerhaugen rocksamfunn og Husly har snart konsert til minne om ein artist. Kven?

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS