F
Vil gjere det enklare å drive foreining
Per i dag er det ikkje ei eiga lov som legg rammene for korleis ei foreining skal opprettast, drivast og avviklast. Næringsministeren vil derfor utarbeide ei lov som regulerer foreiningsforma.
Det er anslagsvis over 100 000 foreningar og lag i Norge. Dette utgjer rundt 9,2 millioner medlemskap i blant annet idrettsforeiningar, kulturforeiningar og foreiningar som driv med frivillig arbeid. Det kjem fram i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.