«- Universitetet er Bø sin oljebrønn
Torbjørn Lahus i Midt-Telemark Høgre er oppgitt over diskusjonen som går rundt Gullbring kulturanlegg. Han meiner kommunen må ta imot hjelpa som blir tilbudt.
– Heilt frå starten har Gullbring kulturanlegg vore ein stor utgiftspost i kommunebudsjettet. Gjennom 25 år har lokalpolitikarane, med ordførarar i spissen, verken greidd eller vore villige til å finne nok pengar til kulturbygget. Som folkevalt er eg sjølv medansvarleg for å ikkje ha gitt kulturbygget dei ressursane som huset treng, seier Lahus, og poengterer at fleire avgåtte kommunepolitikarar som har ansvaret for den nåverande situasjonen, og som i dag sit utan posisjonar, ser ut til å vere veldig opptatt av å finne pengar til drift av Gullbring.