P
Turbotråkk i Maurtuva barnehage
Tusenvis av barn var ute på tur i nærskogen sin sist veke. Maurtuva barnehage i Breisås gjekk natursti, leita etter Turbo og hadde naturbingo.
Onsdag 9. september var det igjen klart for den store turdagen for barnehagane i Telemark. Turbotråkk blir arrangert av Den Norske Turistforening (DNT) Telemark, men i år blei arrangementet litt utanom det vanlege grunna utfordringar som smittevernreglane gjev. Tidlegare år har ein samla opp not 1200 barnehagebarn i Grenland, og 300 i høvesvis Midt-Telemark og Notodden. Det måtte ein endre på i år, derfor inviterte DNT Telemark barnehagane sjølv til å arrangere eigne Turbotråkk i nærmiljøet.