SKYTTARVEGEN: Dette er vegen inn til Bø tråvlag sitt anlegg, og også tilkomsten til parkeringa for ski- og skiskyttaranlegget på Nordbøåsen.
Øystein Akselberg
Truga med bom til skiarena – da blei det fart på sakene
Før jul rasla Bø Tråvlag med sabelen og varsla at laget kunne stenge vegen inn til ski- og skiskyttaranlegget på Nordbøåsen. Då blei det fart på karane i teknisk etat.
Den 1. desember 2023 dumpa det ned eit brev i postkassa til kommunalsjef Hans Kortner Ryen ved teknisk etat i Midt-Telemark kommune. Avsendar var styret i Bø tråvlag, og brevet var ført i pennen av veteranane Kjetil Hynne og Per Arntzen. Dei har fått i oppdrag frå det sitjande styret å føre saka vidare mot kommunen.