MEISTERSPELEMENN: Per Anders Buen Garnås på Landskappleiken i Lom i år, der han for femte gong spela seg til topps i A-klassa. Nå skal han heidre ein annan meisterspelemann frå Telemark i ord og tonar.
Gro B. Røiland, arkivfoto
Trilogi-konsertane held fram. Nå står Gibøen for tur
Den andre konserten i Per Anders Buen Garnås sin trilogi om historiske storspelemenn i Telemark, er nå klar for scenen på Sjodar.
I mars kunne ein høyre Per Anders Buen Garnås spela og fortelja om Torgeir Augundsson, best kjent som Møllarguten, på Nye Sjodar scene for folkemusikk og folkedans, ein konsert som trakk mykje folk.