BØ BLAD MEINER:

I FRUKTHAGEN: Ida Ytreland bur på eit småbruk på Hørte og har planta nye frukttre i hagen, ho likar òg å lage mat med frukt i.

Ein hyllest til fruktbygda

Publisert

Kvar haust samlar me oss til ein av dei absolutt flottaste tradisjonane me har i kommunen vår: Eplefesten på Gvarv.

Det er ein fest som fortener hyllest, og ein takk bør gå både til dei modige og kreative initiativtakarane, og til alle dei fantastiske eldsjelene som står på og gjennomfører arrangementet år etter år.

Eplefesten er mykje meir enn berre ein triveleg marknadsdag – den er rett og slett ein viktig identitetsskapar som løftar ei tradisjonsrik og stolt næring litt ekstra fram i lyset.

Eplefesten set eit velfortent fokus på alle dei som driv dei gamle og tradisjonsrike gardane i bygda, og på dei nye kreftene som tek tak, har tru på framtida, plantar nye frukttre og finn nye nisjar i bransjen.

Både saftpresseriet Epleblomsten og fruktpakkeriet Telefrukt melder om auka mengder eple, noko som viser at fleire vil dyrke frukt og ser den store verdien av lokal matproduksjon.

Mange lokale bønder satsar millionar og legg uendeleg mykje krefter ned i å skape kreative og unike opplevingar knytt til fruktnæringa – opplevingar det går gjetord om langt utover våre eigne kommunegrenser.

Både sider og annan drikke frå Midt-Telemark blir selde på Vinmonopolet over heile landet, dei vinn høgthengande prisar år etter år, og blir til og med servert med største sjølvfølgje på Det kongelege slottet.

Sjølv om me har nokre store motorar som går i bresjen for næringa og gjer det skarpt, er det utruleg gledeleg at også dei mange mindre produsentane får merksemda dei fortener.

Fruktnæringa er ein sektor som er utruleg viktig for oss som bur i Telemarks største landbrukskommune. Me har all grunn til å vere stolte av og identifisere oss med fruktbygda og det den representerer: hardt arbeid, dyktige folk og nydelege, kortreiste produkt.

Naturleg og rein mat er i høgste grad ein trend i tida, og me er så heldige at me får det her me bur. I den nyetablerte lokalmatbutikken og på mange fine gardsutsal kan me faktisk boltre oss med den.

Den årlege Eplefesten i september er ein fest for heile næringa, og ein måte å samle innbyggjarane på. På Gvarv kan me møtest rundt eplesmaking, kunstutstillingar, musikk og ein yrande Bondens Marknad, som også trekkjer folk langvegs frå.

Me skal vere stolte av næringa og heile fruktbygda!

Powered by Labrador CMS