NY ATTRAKSJON: Bø Sommarland opnar portane i helga med ein heilt ny attraksjon.
Martin Litwicki
Topp-politikar opnar ny sklie til 10 millionar kroner
Når Bø Sommarland opnar for sesongen på laurdag, er det med ei heilt ny 107 meter lang vassklie. Fylkesordførar Sven Tore Løkslid har tatt på seg oppdraget med å opne – og å teste – HiwiHuhu.
I fjor innvia Bø Sommarland Skandinavia sitt største Plaskeland til 50 millionar kroner. Når parken opnar no på laurdag, blir ein ny attraksjon til 10 millionar kroner lansert. Det kjem fram i ei pressemelding frå Bø Sommarland.