O
To millionar kroner frå fond til næringsstøtte
Formannskapet har sagt ja til at Midt-Telemark Næringsutvikling kan bruke to millionar kroner til tilskot til næringslivet.
I formannskapsmøtet onsdag i førre veke kom denne saka opp første gongen. Då fekk Midt-Telemark Næringsutvikling (MTNU) i oppdrag å utarbeide retningslinjer for bruk av midlar som står i Midt-Telemark Næringsfond AS. Denne onsdagen diskuterte formannskapet retningslinjene frå MTNU ved Bent Gurholt.