KJEMPEKOSELEG: Tirhas Zeru Kidane kosar seg på jobb med pasientane i jula.
Sunniva Langås-Røiland
Tirhas passar på dei eldre i jula: – Me har ordentleg fest
Tirhas Zeru Kidane har jobba på Sauherad bygdeheim i 13 år. Ho er van med å jobbe i jula, og synest det er kjempekoseleg og viktig å feire med pasientane.
Ikkje alle kan ta fri i jula. Nokon dreg på jobb for at resten av samfunnet kan slappe av i ferien. Tirhas Zeru Kidane jobbar store delar av jula, men det er 43-åringen van med.