H
Telemarkfestivalen vil heidre Jens Amundsen
I samband med 100-årsjubileet for Jens Amundsen vil Telemarkfestivalen heidre storspelemannen med konsert.
– Telemarkfestivalen har ansvar for å sette søkelys på folkemusikk generelt og særleg det lokale. Det er viktig for oss å vise kor me kjem i frå og kulturarven som er eit fundament for festivalen. Jens Amundsen har ikkje vore så framme i lyset på Telemarkfestivalen før. Nå er det naturleg å ta han fram, seier dagleg leiar i festivalen, Kristoffer Mosfjeld.