EIN HYGGELEG FYR: Sveinung Lønnestad får merksemd som tømrar for tida.
Øystein Akselberg
Sveinung er nominert som Noregs hyggelegaste: Nå sankar han stemmer
Bransjekåringa «Norges Hyggeligste håndverker» går sin gang på åttande året. Midt-Telemark har med ein lokal tømrar som sankar mange stemmer.
– Kåringa set søkjelys på dei positive historiene frå handverksbransjen, løftar fram gode rollemodellar og ein håpar på å inspirere ungdom til å velje yrkesfag. Me vil løfte fram stoltheita i handverksyrka, seier organisasjonen bak prisen «Norges Hyggeligste Håndverker».