FUGLELIV I EVJUDALEN. Ei linerle kjem trippande og vippande på lette bein. Det er insekt ho er ute etter, og ho er veldig tillitsfull. Når du sit slik stille på ein benk, kan du koma nokså nær. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Tre stærar er heftig opptekne med å finne mat i graset, dei er nok alt i gang med reirbygging. Kanskje ligg hofuglane alt på egg ein stad i nærleiken. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Stokkendene er dei som bråkar mest, for her er hannfuglane stadig på jakt etter hoene, dei flaksar og lettar, landar att i ein sprut, og så er det ein ny runde i området. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Ei fiskemåke ropar kiiiih-a, kiiih-a, og flaksar forbi, ikkje så mykje mat her i dag, så han fer rastlaust vidare. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. På eit kumlokk ligg det att havregryn etter matinga dagen før. Her er det to karakteristiske og utbane spurvefuglar som delar på maten: gråspurv (t.h.) også kalla luftas lasaron, og pilfink. Biletet viser både likskapar og forskjellar, lettast er det å ta pilfinken på den mørke kjakeflekken, pluss at gråspurven verkeleg er grå i hovudet, medan pilfinken er brun. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Øvst oppi enden av dammen er det gråtrosten som held spetakkel med karakteristisk skvatring. Her er det hektisk reirbygging i ei greinkløft oppi eit lauvtre. Av strå og anna byggjer dei reiret sitt, litt grovt gjort, ein hyssing høyrer med til byggjematerialet. Reiret er litt som songen, for den er ikkje så finstemt som dei meir songglade slektningane måltrost og svarttrost, som er meistersongarar. Så må reiret prøvast, det er snart ferdig og det store vedunderet kan skje, grågrøne egg blir lagt, og kjem det nokon i nærleiken då, kan dei risikere å få ei «bombe» i hovudet, eit effektivt forsvarsvåpen. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Eit laksandpar ligg på andre sida av og dammen og søv, dei er kan hende dei mest sjeldne gjestene denne morgonen. Og etter som tida gjeng, vaknar dei litt til og må ut i dammen for å finne seg mat. Kanskje er dei alt ferdige med både kurtise og paring? FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Utpå den vesle grasøya er eit tre med eit skjorereir, kanskje er det hekking der i år òg. Elles likar skjorene, som verkeleg er av dei mest menneskekjære i fugleverda, godt å sitje på dei grøne lyktestolpane. Dei er som skapte for desse fuglane. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Stokkanda er den vanlegaste fuglen i Evjudalen. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
FUGLELIV I EVJUDALEN. Ved utløpsosen av dammen er det ein liten stryk. Her er både ender og duer, byduer er det. Byfrøknene – eller bykarane – er svært opptekne med morgonbadet. Dei veit å bruke det rennande vatnet, nye landar, andre er ferdige. Badeplassen er populær – fuglane i Evjudalen sin skjønnheitssalong. Skal ein gjera inntrykk på det motsette kjønn, gjeld det å vera nyvaska og flidd i fugleverda òg. FOTO: Kjell BitustøylFOTO: Kjell Bitustøyl
Sundagsmorgon i Evjudalen – ei lita vårleg fugleforteljing